lørdag 20. november 2010

Tankekart - digitalt eller på papir?

På samlinga fredag lærte vi blandt anna om tankekart. Elevar lærer som kjendt på mange ulike måtar, og det er difor viktig å variere og tilrettelegge undervisinga for å treffe læringsstilen til flest mogleg elevar. Å arbeide med tankekart kan for mange elevar vere ei god hjelp til å strukturere fagstuffet. Tradisjonelt har slike tankekart vorte laga på papir, men etterkvart er alternativa til program der ein kan lage tankekart digitalt, byrja å bli mange. Eg har i tabellen under sett opp fordelar og ulemper, både med digitale tankekart og tankekart på papir:



Fordelar
Ulemper
Digitalt tankekart
ü  Enklare på samarbeide om
ü  Enklare å dele/publisere
ü  Kan visast på storskjerm
ü  Enklare å aktivere
ü  Kan overførast til papir
ü  Lett å angre
ü  Ingen kantar
ü  Meir visuelt strukturert
ü  Enklare å disponere plass
ü  Treng tilgang til PC
ü  Krev grunnleggande digital kompetanse
ü  Vanskelegheiter knytt til bruk av program
ü  Krev installasjon og registrering
ü  Tidsbruk
ü  Kan miste data
Tankekart på papir
ü  Alltid/enklare tilgjengeleg
ü  Større friheit når det gjeld utforming
ü  Vanskeleg å vise/dele/redigere
ü  Vanskeleg å eksportere/lagre/gjenfinne
ü  Klar fysisk avgrensing
ü  Vanskeleg å disponere
ü  Mange lausark
ü  Kan bli vått/krøllete/øydelagt


På samlinga nytta vi det gratis og nettbaserte programmet Mindomo til å lage digitale tankekart. Om du vil, kan du teste ut dette programmet ved å klikke på denne linken. Gruppa mi nytta programmet til å lage eit tankekart om meirverdi ved bruk av interaktive tavler i undervisinga. Ta gjerne ein titt på resultatet her om du vil.

Interaktive tavler (IAT) var nemleg det andre temaet vi hadde om på fredag. IAT vert vanlegare og vanlegare ute i den norske skulen, og moglegheitene og alternativa til bruk av IAT er nærmast uendelege. Eg vart veldig inspirert til å lære meir om bruk av IAT i undervisinga. Det tar nok ein del tid å bli trygg i bruken av dette verktyet, men eg trur det kan vere lærerikt og morosamt, både for elevar og lærarar å setje seg meir inn i bruken av desse tavlene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar