søndag 14. november 2010

Arbeid med lyd - leksjon 1

Då var vi ferdige med bildedelen av DKL101, og klar til å setje igang med lyddelen. I denne leksjonen skulle vi lære oss å ta i bruk programmet "Audacity". Audacity er eit lydbehandlings/redigeringsprogram som kan nyttast til å ta opp, samt redigere lyd.


I leksjon 1 skulle vi øve oss på å redigere lydklipp på ulike måtar.
Vi skulle
Klippe vekk unødvendige parti
Klippe og lime (kopiere delar av opptaket, slik at det vert spelt av fleire gongar)
Auke lydstyrken på eit opptak
Fade inn og ut (musikk)

 
I byrjinga var det litt prøving og feiling for å få til dei ulike måtane å redigere på, men det kom seg etterkvart. Eg har ikkje nytta meg av Audacity før, så det var mange nye knappar og funksjonar å setje seg inn i, men alt går med litt øving. Fordelen med Audacity er at du har tilgang til programmet på norsk. I tillegg er menyane logiske og enkelt oppbygde, noko som gjer at programmet godt kan nyttast saman med elevane. Ein annan fordel er jo heilt klart at programmet kan lastast gratis ned frå internett, noko eitkvart skulebudsjett vil setje pris på.

Lars Carlsson har laga til ei flott nettside med forklaring til korleis ein kan gjere ulike redigeringar i Audacity. Om du har lyst å teste ut arbeid med lyd i dette programmet, anbefalar eg ein titt innom sida hans. Eg fekk i alle fall mykje god hjelp der!

Etter å ha eksprimentert ein del med øvingsoppgåvene, tok eg fatt på mappeoppgåve M3. Der skulle vi spele inn eit stemmeopptak og legge til bakgrunnslyd/musikk. På delen av lydsporet med tale, skulle vi senke bakgrunnslyden. Dette gjekk utan større problem, så no er M3 levert, og eg har ei oppgåve mindre å tenke på fram mot eksamen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar