Då var vi i gang med tredje og siste DKL-samling før jul. Eit sikkert teikn på at eksamen nærmar seg, og at det snart er jul og ferie :)
Temaet for denne samlinga er innføring i opphavsrett og personvern, eit viktig tema i dagens mediekvardag. I den samanheng skulle vi bli kjende med reglane kring publisering av bileter på nett gjennom nokre diskusjonsoppgåver. Her er resultatet eg og gruppa mi kom fram til:
Øvingsoppgåve 1
Scenario a: Du finn eit bilete av to jenter på ei privat heimeside. Du finn dette biletet morosamt og kunne tenke deg å bruke dette biletet som illustrasjon til noko du vil skrive om på nett. Kan du utan vidare ta dette biletet og bruke det i publiseringa di? Nei. Du har lov til å bruke dette biletet innanfor den private sfære, men ikkje publisere biletet ope på nett. Du må avklare rettigheita til publisering med opphavsmannen bak biletet. I dette tilfellet må ein også ta omsyn til personvern, sidan bilete av personar der ansiktet er tydeleg gjenkjennbart vert rekna som ei personopplysing. Slike bilete kan ikkje publiserast utan samtykke frå avbilda personar. Er personane på biletet under 15 år, må ein høyre med føresette før ein publiserer biletet. Er personen på biletet over 15 år, kan dei ta eigne avgjerder om publisering av personlege opplysingar, og ein må slik avklare med personane på biletet før ein eventuelt publiserer biletet.
Scenario b: Det er framleis snakk om biletet med dei to jentene. Det er dine barn, men ein annan person er opphavsmannen bak biletet. Også i dette tilfellet må ein ha tillatelse frå fotograf/opphavsmann for å publisere biletet vidare på nett. Problemstillinga kring personvern er den same som i scenario a.
Scenario c: Sett at dei avbilda borna var dine, og det var du som hadde tatt biletet. Kva vert situasjonen no? I dette tilfellet vil du vere både opphavsperson til biletet og føresatt til borna. Du kan slik publisere biletet utan å vere på kant med lova, men reglane om personvern gjeld framleis.
Øvingsoppgåve 2:
Vi fekk no utdelt eit bilete av tre born som klatra i eit klatrestativ. Ansikta til elevane var ikkje synlege på biletet.
Scenario a: Vi tenker oss at vi fann dette biletet på ei privat heimeside. Du finn dette biletet morosamt og kunne tenke deg å bruke dette biletet som illustrasjon til noko du vil skrive om på nett. Kan du utan vidare ta dette biletet og bruke det i publiseringa di? Nei. Situasjonen er den same som i oppgåve 1a, men du treng ikkje ta omsyn til personvernlova, i og med at andleta til personane ikkje er synlege. Åndsverklova §45c, seier at vi kan publisere bilete av personar so
Scenario b: Biletet er av dine born, men tatt av ein annan person. Du må også her snakke med fotografen og få tillatelse til å nytte deg av biletet. Du treng ikkje ta omsyn til personvernlova.
Scenario c: Biletet er av dine born og du er fotografen. I dette tilfellet kan du trygt publisere bileta.
Vi ser ut frå desse øvingsoppgåvene at det er ikkje berre berre å setje seg inn i og forstå alle reglane knytt til publisering av bilete på nett. Konsekvensane om ein bryt desse reglane kan vere store, så det er ein fordel å ha ei viss peiling på kva reglar som gjeld.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar