onsdag 13. oktober 2010

Hypertekstualitet, interaktivitet og multimodalitet - ressursar i undervisinga?

Å nytte seg av pc i undervisinga kan i mange tilfelle løfte læringa opp på eit nytt nivå. Når vi snakkar om hypertekstualitet, interaktivitet og multimodalitet, kan desse digitale verkemidla vere med på å gjere undervisinga meir spanande for elevane, samstundes som elevane kan nytte seg av desse verkemidla i eige arbeid. Der bibliotek og faktabøker var dei stadane ein lette etter informasjon til prosjektarbeid før, har desse no fått selskap med digitale tekstar, tekstar elevane finn på internett. Hypertekst er eit døme på ein digital tekst. Her kan du velje å klikke deg bort frå hovudteksten via ulike lenkjer, for å lese meir om saker som angår temaet du les om. Dette kan vere både ein berikelse og ein forvirrande faktor for elevane. Dersom elevane ikkje har kunnskap om å hente ut informasjon frå slike tekstar, kan dei lett drukne i dei enorme informasjonsmengdene. Det er difor viktig at elevane får øve på å både arbeide med og navigere i denne typen tekstar. Dersom elevane får trening i nytte seg av slike tekstar, ligg store læringsmoglegheiter framfor dei. Gråheiamysteriet er eit døme på korleis elevar, også på barnetrinnet, kan arbeide med hypertekstualitet. Dette er ein kreativ og alternativ måte å forfatte tekstar på, både i norsk og i andre fag. Elevane får utdelt ein hovudteks, og skal kle på denne teksten ved å skrive uttfyljande informasjon om ulike element i teksten. Denne informasjonene skal vere plassert som lenkjer inne i hovudteksten.

Ulike former for skjermtekstar vert ein stadig viktigare del av elevane sin kvardag, både heime og i skulesamanheng. Det er difor viktig at vi hjelper elevane til å forstå korleis ein kan nytte seg av slike tekstar på ein god måte.

Akademisk skriving...

På forrige DKL-samling arbeidde vi gruppevis med ulike øvingsoppgåver i google docs, noko som var ein ny måte å arbeide på for alle i gruppa. Det at fire stk kunne sitje på kvar si datamaskin og arbeide i same dokument var til å begynne med ganske forvirrande. Men etter litt prøving og feiling viste seg å fungere veldig bra. Eg trur google docs er et verktøy eg kan få god bruk for framover, både som student og som lærar.
Ei av øvingsoppgåvene vi arbeidde med i google docs var "Korleis vise korrekt til kjelder i eit akademisk oppsett". Svaret vi kom fram til finn du ved å følgje denne linken. Så om det er noko du lurer på om kjeldetilvising i eit akademisk oppsett, ta gjerne ein titt, så kanskje du finn svar :)