lørdag 20. november 2010
Bruk av rekneark i skulen
I veke 46 og 47 handla nettleksjonane om bruk av rekneark i undervisinga. Eit spanande tema som eg absolutt kunne tenke meg å lære meir om. Sjølv har eg kun erfaring med bruk av rekneark frå eigen skulegang, samt privat bruk. Dei gongane eg har vore i praksis, har vi ikkje nytta oss av rekneark. Grunnane til dette kan vere fleire. For det første er praksisperiodane relativt korte, tilgangen på datamaskiner har vore variarande og øvingslærarane sine erfaringar med bruk av rekneark i undervisinga likeså. Etter å ha lest leksjonane om bruk av rekneark i undervisinga sit eg att med mange gode ideear til bruk av rekneark i skulen. Tidlegare fall eg nok innunder kategorien av lærarar som kun finn plass til rekneark i mattematikkundervisinga, men etter å ha arbeida med leksjonane om rekneark ser eg at alternativa er så mange, mange fleire.
Tankekart - digitalt eller på papir?
På samlinga fredag lærte vi blandt anna om tankekart. Elevar lærer som kjendt på mange ulike måtar, og det er difor viktig å variere og tilrettelegge undervisinga for å treffe læringsstilen til flest mogleg elevar. Å arbeide med tankekart kan for mange elevar vere ei god hjelp til å strukturere fagstuffet. Tradisjonelt har slike tankekart vorte laga på papir, men etterkvart er alternativa til program der ein kan lage tankekart digitalt, byrja å bli mange. Eg har i tabellen under sett opp fordelar og ulemper, både med digitale tankekart og tankekart på papir:
Fordelar | Ulemper | |
Digitalt tankekart | ü Enklare på samarbeide om ü Enklare å dele/publisere ü Kan visast på storskjerm ü Enklare å aktivere ü Kan overførast til papir ü Lett å angre ü Ingen kantar ü Meir visuelt strukturert ü Enklare å disponere plass | ü Treng tilgang til PC ü Krev grunnleggande digital kompetanse ü Vanskelegheiter knytt til bruk av program ü Krev installasjon og registrering ü Tidsbruk ü Kan miste data |
Tankekart på papir | ü Alltid/enklare tilgjengeleg ü Større friheit når det gjeld utforming ü Vanskeleg å vise/dele/redigere ü Vanskeleg å eksportere/lagre/gjenfinne | ü Klar fysisk avgrensing ü Vanskeleg å disponere ü Mange lausark ü Kan bli vått/krøllete/øydelagt |
På samlinga nytta vi det gratis og nettbaserte programmet Mindomo til å lage digitale tankekart. Om du vil, kan du teste ut dette programmet ved å klikke på denne linken. Gruppa mi nytta programmet til å lage eit tankekart om meirverdi ved bruk av interaktive tavler i undervisinga. Ta gjerne ein titt på resultatet her om du vil.
Interaktive tavler (IAT) var nemleg det andre temaet vi hadde om på fredag. IAT vert vanlegare og vanlegare ute i den norske skulen, og moglegheitene og alternativa til bruk av IAT er nærmast uendelege. Eg vart veldig inspirert til å lære meir om bruk av IAT i undervisinga. Det tar nok ein del tid å bli trygg i bruken av dette verktyet, men eg trur det kan vere lærerikt og morosamt, både for elevar og lærarar å setje seg meir inn i bruken av desse tavlene.
fredag 19. november 2010
Publisering av bilete på nett
Då var vi i gang med tredje og siste DKL-samling før jul. Eit sikkert teikn på at eksamen nærmar seg, og at det snart er jul og ferie :)
Temaet for denne samlinga er innføring i opphavsrett og personvern, eit viktig tema i dagens mediekvardag. I den samanheng skulle vi bli kjende med reglane kring publisering av bileter på nett gjennom nokre diskusjonsoppgåver. Her er resultatet eg og gruppa mi kom fram til:
Øvingsoppgåve 1
Scenario a: Du finn eit bilete av to jenter på ei privat heimeside. Du finn dette biletet morosamt og kunne tenke deg å bruke dette biletet som illustrasjon til noko du vil skrive om på nett. Kan du utan vidare ta dette biletet og bruke det i publiseringa di? Nei. Du har lov til å bruke dette biletet innanfor den private sfære, men ikkje publisere biletet ope på nett. Du må avklare rettigheita til publisering med opphavsmannen bak biletet. I dette tilfellet må ein også ta omsyn til personvern, sidan bilete av personar der ansiktet er tydeleg gjenkjennbart vert rekna som ei personopplysing. Slike bilete kan ikkje publiserast utan samtykke frå avbilda personar. Er personane på biletet under 15 år, må ein høyre med føresette før ein publiserer biletet. Er personen på biletet over 15 år, kan dei ta eigne avgjerder om publisering av personlege opplysingar, og ein må slik avklare med personane på biletet før ein eventuelt publiserer biletet.
Scenario b: Det er framleis snakk om biletet med dei to jentene. Det er dine barn, men ein annan person er opphavsmannen bak biletet. Også i dette tilfellet må ein ha tillatelse frå fotograf/opphavsmann for å publisere biletet vidare på nett. Problemstillinga kring personvern er den same som i scenario a.
Scenario c: Sett at dei avbilda borna var dine, og det var du som hadde tatt biletet. Kva vert situasjonen no? I dette tilfellet vil du vere både opphavsperson til biletet og føresatt til borna. Du kan slik publisere biletet utan å vere på kant med lova, men reglane om personvern gjeld framleis.
Øvingsoppgåve 2:
Vi fekk no utdelt eit bilete av tre born som klatra i eit klatrestativ. Ansikta til elevane var ikkje synlege på biletet.
Scenario a: Vi tenker oss at vi fann dette biletet på ei privat heimeside. Du finn dette biletet morosamt og kunne tenke deg å bruke dette biletet som illustrasjon til noko du vil skrive om på nett. Kan du utan vidare ta dette biletet og bruke det i publiseringa di? Nei. Situasjonen er den same som i oppgåve 1a, men du treng ikkje ta omsyn til personvernlova, i og med at andleta til personane ikkje er synlege. Åndsverklova §45c, seier at vi kan publisere bilete av personar so
Scenario b: Biletet er av dine born, men tatt av ein annan person. Du må også her snakke med fotografen og få tillatelse til å nytte deg av biletet. Du treng ikkje ta omsyn til personvernlova.
Scenario c: Biletet er av dine born og du er fotografen. I dette tilfellet kan du trygt publisere bileta.
Vi ser ut frå desse øvingsoppgåvene at det er ikkje berre berre å setje seg inn i og forstå alle reglane knytt til publisering av bilete på nett. Konsekvensane om ein bryt desse reglane kan vere store, så det er ein fordel å ha ei viss peiling på kva reglar som gjeld.
søndag 14. november 2010
Arbeid med lyd - leksjon 2
Slik som forrige leksjon, handla også denne leksjonen om lydredigering i Audacity.
Bilete lånt frå http://audacity.sourceforge.net/
Denne gangen skulle vi øve oss på
Normalisering
Fjerning av støy
Forflytting av lydar i rommet
Å gjere ein lyd tinærma ugjenkjenneleg
Sidan eg vart litt kjend med Audacity gjennom arbeidet med øvingsoppgåvene til forrige leksjon, gjekk arbeidet unna med litt mindre prøving og feiling denne gangen, dette til tross for at øvingsoppgåvene denne gangen var hakket vanskelegare.
Arbeidet med desse to lydleksjonane har vore både utfordrande, spennande og lærerikt, og
eg har fått mange nye ideear til korleis eg kan nytte meg av lyd i undervisinga.
Arbeid med lyd - leksjon 1
Då var vi ferdige med bildedelen av DKL101, og klar til å setje igang med lyddelen. I denne leksjonen skulle vi lære oss å ta i bruk programmet "Audacity". Audacity er eit lydbehandlings/redigeringsprogram som kan nyttast til å ta opp, samt redigere lyd.
Programmet kan lastast gratis ned her: http://audacity.sourceforge.net/download/beta_windows#recdown
I leksjon 1 skulle vi øve oss på å redigere lydklipp på ulike måtar.
Vi skulle
Klippe vekk unødvendige parti
Klippe og lime (kopiere delar av opptaket, slik at det vert spelt av fleire gongar)
Auke lydstyrken på eit opptak
Fade inn og ut (musikk)
Klippe og lime (kopiere delar av opptaket, slik at det vert spelt av fleire gongar)
Auke lydstyrken på eit opptak
Fade inn og ut (musikk)
I byrjinga var det litt prøving og feiling for å få til dei ulike måtane å redigere på, men det kom seg etterkvart. Eg har ikkje nytta meg av Audacity før, så det var mange nye knappar og funksjonar å setje seg inn i, men alt går med litt øving. Fordelen med Audacity er at du har tilgang til programmet på norsk. I tillegg er menyane logiske og enkelt oppbygde, noko som gjer at programmet godt kan nyttast saman med elevane. Ein annan fordel er jo heilt klart at programmet kan lastast gratis ned frå internett, noko eitkvart skulebudsjett vil setje pris på.
Lars Carlsson har laga til ei flott nettside med forklaring til korleis ein kan gjere ulike redigeringar i Audacity. Om du har lyst å teste ut arbeid med lyd i dette programmet, anbefalar eg ein titt innom sida hans. Eg fekk i alle fall mykje god hjelp der!
Etter å ha eksprimentert ein del med øvingsoppgåvene, tok eg fatt på mappeoppgåve M3. Der skulle vi spele inn eit stemmeopptak og legge til bakgrunnslyd/musikk. På delen av lydsporet med tale, skulle vi senke bakgrunnslyden. Dette gjekk utan større problem, så no er M3 levert, og eg har ei oppgåve mindre å tenke på fram mot eksamen :)
Komposisjon av bilete
På andre DKL samling var temaet bilete.
I den forbindelse skulle vi eksperimentere med ulike komposisjonsreglar.
Under kan du sjå litt av dei resultata eg kom fram til.
Bilete i breiddeformat med motivet plassert i midten.
Bilete i breiddeformat med motivet plassert i høve til tredjedelsregelen.
På dei to bileta over ser ein kor mykje utsnittet har å sei for inntrykket ein får av motivet i eit bilete. Når motivet er midtstilt ser biletet ofte kjedeleg og tilfeldig ut. Dersom ein nyttar seg av tredelingsregelen får ein eit meir spanande bilete, der hovudmotivet kjem meir til sin rett.
Å beskjere biletet slik at formatet vert kvadratisk er eit anna verkemiddel ein kan nytte for å endre inntrykket sjåaren får av biletet.
Bilete i kvadratisk format med motivet plassert i midten.
Bilete i kvadratisk format med motivet plassert i høve til tredjedelsregelen.
Endringane er ikkje så store, men ein ser at inntrykket ein får av korleis blomen framstår i biletet endrar seg frå utsnitt til utsnitt.
Personleg likte eg best den kvadratiske versjonene der biletet var plassert i høve til tredelingsregelen.
Kva versjon likte du best?
Som fotograf har ein også mange andre komposisjonsmessige verkemiddel ein kan nytte for å få hovudmotivet til å stå fram. Kva verkemiddel det passar best å nytte seg av, avheng frå bilete til bilete, frå motiv til motiv og frå situasjon til situasjon.
Her har eg nytta meg av dybdeskarphet for å fjerne støyen i bakgrunnen,
og slik framheve hovudmotivet.
Som fotograf kan ein lære mykje av å studere andre sine bilete.
Eg har tatt for meg biletet "Head On Vancouver" tatt av ecstaticist.
*Bilete henta frå http://www.flickr.com/photos/ecstaticist/4445205796/sizes/m/
Her ser ein tydeleg at fotografen har nytta seg av tredelingsregelen. Bygningane ligg i ei horisontal linje, langs den øvste delestreken. Utstikket som liknar ein båt startar i skjæringa mellom den øvste horisontale delestreken og den vertikale delestreken lengst til høgre. "Båten" føl den vertikale delestreken lengst til venstre. Linjene i biletet er horisontale/vertikale,
noko som er med på å skape harmoni i biletet.
Framgrunnen er "rydda for støy" slik at hovudmotivet kjem godt fram.
Kort oppsummert: Eit ryddig og godt komponert bilete.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







