søndag 14. november 2010

Komposisjon av bilete

På andre DKL samling var temaet bilete.
I den forbindelse skulle vi eksperimentere med ulike komposisjonsreglar.
Under kan du sjå litt av dei resultata eg kom fram til.

Bilete i breiddeformat med motivet plassert i midten.




Bilete i breiddeformat med motivet plassert i høve til tredjedelsregelen.


På dei to bileta over ser ein kor mykje utsnittet har å sei for inntrykket ein får av motivet i eit bilete. Når motivet er midtstilt ser biletet ofte kjedeleg og tilfeldig ut. Dersom ein nyttar seg av tredelingsregelen får ein eit meir spanande bilete, der hovudmotivet kjem meir til sin rett.

Å beskjere biletet slik at formatet vert kvadratisk er eit anna verkemiddel ein kan nytte for å endre inntrykket sjåaren får av biletet.


Bilete i kvadratisk format med motivet plassert i midten.

 


Bilete i kvadratisk format med motivet plassert i høve til tredjedelsregelen.


Endringane er ikkje så store, men ein ser at inntrykket ein får av korleis blomen framstår i biletet endrar seg frå utsnitt til utsnitt.
Personleg likte eg best den kvadratiske versjonene der biletet var plassert i høve til tredelingsregelen.
Kva versjon likte du best?

Som fotograf har ein også mange andre komposisjonsmessige verkemiddel ein kan nytte for å få hovudmotivet til å stå fram. Kva verkemiddel det passar best å nytte seg av, avheng frå bilete til bilete, frå motiv til motiv og frå situasjon til situasjon.
Her har eg nytta meg av dybdeskarphet for å fjerne støyen i bakgrunnen,
og slik framheve hovudmotivet.




Som fotograf kan ein lære mykje av å studere andre sine bilete.
Eg har tatt for meg biletet "Head On Vancouver" tatt av ecstaticist.


Her ser ein tydeleg at fotografen har nytta seg av tredelingsregelen. Bygningane ligg i ei horisontal linje, langs den øvste delestreken. Utstikket som liknar ein båt startar i skjæringa mellom den øvste horisontale delestreken og den vertikale delestreken lengst til høgre. "Båten" føl den vertikale delestreken lengst til venstre. Linjene i biletet er horisontale/vertikale,
noko som er med på å skape harmoni i biletet.
Framgrunnen er "rydda for støy" slik at hovudmotivet kjem godt fram. 
Kort oppsummert: Eit ryddig og godt komponert bilete.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar