lørdag 12. mars 2011

Veke 6: IKT og tilpassa opplæring

Denne veka har IKT og tilpassa opplæring vore temaet for DKL 102. Eg vil no ut frå dette reflektere litt rundt korleis IKT kan vere ein ressurs i tilpassa opplæring. Sidan eg ikkje har anna erfaring frå skulekvardagen enn den obligatoriske praksisen i almennlærarutdanninga, har eg få erfaringar å bygge refleksjonane mine på. Eg har likevell gjort meg opp nokre tankar kring temaet.
I Høigard, Landmark og Svestad kan vi lese at potensialet IKT har som ressurs i tilpassa opplæring hovudsakleg kan delast inn i 3:
Ikkje alle elevar utviklar ei praktisk og effektiv handskrift like kjapt. Å la elevane få skrive på data kan då vere ein enkel og effektiv metode for å hjelpe desse elevane å prestere betre. Om det å få bokstavane ned på papiret for hand tek all oppmerksomheita, kan fokuset på det faglege kome litt i bakgrunnen, noko som er lite heldig. Også stavekontrollen i dei ulike skriveprogramma vil vere til hjelp for dei elevane som slit med rettskriving. At den raude streken dukkar opp kvar gang ein skriv eit ord feil vil over tid vere med på å hjelpe eleven til å få ei betre rettskriving. IKT kompenserar slik for mangelfulle ferdigheiter.

Vidare har dei fleste læreverk også nettresursar som ein del av verket. Her finn ein ofte oppgåver av ulik vanskegrad som elevane kan arbeide med. Det fine med desse sidene er at elevane sjølve, eller med hjelp frå læraren, kan finne ut kva han eller ho treng å øve meir på. Elevane kan slik arbeide individuelt med område dei treng meir trening på. Ofte er eit slikt arbeid meir lystbetont enn å jobbe med liknande oppgåver i læreboka, noko som gjer at IKT fungerar som ein ekstra motivasjonsfaktor.

Vidare finst det mange program som kan fungere som støtte for elevar med lese og skrivevanskar.Døme på dette er program der eleven kan få høyre leseleksa i tillegg til å lese den sjølv. For elevar som slit med innhaldsforståinga når dei les sjølve vil dette vere ei god hjelp.

IKT kan fungere som ressurs i tilpassa opplæring på mange fleire måtar enn dette, men om eg skulle gått inn på alle her, trur eg vi hadde blitt sittande både eg og du :)

Ha ein fin dag!


Veke 5: Samansette tekstar

Denne veka har vi arbeidd med samansette tekstar. Forslaga til program vi kunne setje oss inn i for å arbeide med dette var mange, men eg valde meg ut Comic Life. Comic Life er eit komplett verkty for tekstskaping i teikneseriesjangeren, og har eit rikt utval alternativ om mogelegheiter for å lage flotte teikneseriar. Programmet er ikkje tilgjengeleg på norsk, men er likevell såpass enkelt og brukarvennleg at eg ikkje ser på det som noko problem å ta det i bruk allereie i barneskulen. Å lage teikneseriar er, ut frå det eg har forstått, ikkje noko ein brukar så veldig mykje tid på i grunnskulen. Kanskje bør dette endrast på? Ved å nytte seg av program som Comic Life kan ein løfte det å lage teikneseriar opp på eit nytt nivå. Mange elevar vil truleg finne dette både spanande, lærerikt og morosamt. Å lage teikneseriar om kjemiske reaksjonar kan vere vel så lærerikt som å skrive ein fagtekst om samme tema. Variasjon i undervisinga er både viktig og motiverande for elevane.

Her er det eg kom fram til etter å ha leika meg litt i Comic Life:

(Foto: Jannike Veiberg)

I tillegg til at teikneserielaging kan vere ein fin måte å variere undervisinga/arbeidsmåtane til elevane på, finn ein fleire stadar i Kunnskapsløftet dekning for å drive med slikt arbeid. Her er nokre av kompetansemåla som tek for seg arbeid med samansette tekstar:

Norsk
Kompetansemål etter 4. årssteg:
- finne opplysninger i en sammensatt tekst ved å kombinere ord og illustrasjon.
- lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde.

Kompetansemål etter 7. årssteg:
- lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og 
  ved hjelp av digitale verktøy.
- bruke estetiske virkemidler i egen tekstproduksjon.

Kompetansemål etter 10. årssteg:
- tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster.
- vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier,  
  reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder.

Kunst og handtverk
Kompetansemål etter 7. årssteg:
- lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film.
- sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike
  sammenhenger.

Veke 4: Utprøving av digitale tankekart

På første samling fekk vi også innføring i Mindomo. Mindomo er eit gratis, nettbasert program for å lage digitale tankekart. Moglegheitene og utformingsalternativa er mange. I dag har eg brukt litt tid og sett meg inn i Mindomo på eiga hand. Sidan eg driv ein campingplass saman med sambuaren min, og det snart nærmar seg ny sesong, fann eg ut at eg kunne lage meg ei lita oversikt over kva førebuingar som må gjærast før vi er klar for 2011 sesongen. Mindomo er då eit godt verkty for å få oversikt over gjeremåla. Resultatet ser du her:















Lenke til det digitale tankekartet finn du her.

Å utforme tankekart i Mindomo er relativt enkelt, noko som gjer at programmet med fordel kan nyttast av elevar heilt ned på barnetrinnet. For mange elevar kan det vere enklare å utforme eit oversiktleg tankekart digitalt enn på papiret, sidan ein digitalt kan flytte på dei ulike elementa etter at dei er skrivne. Eg synast Mindomo er eit godt verkty og vil nok gjere meg bruk av det i mi framtidige lærarkarriere.

Veke 3: Bruk av sosiale medier i skulen

For tida arbeider vi med sosiale medier i DKL 102. Sosiale mediar, også kalla sosial web, er ein fellesbetegnelse for stadar på Internett, der ein som brukar kan drive med "(…) produksjon, deling, distribusjon av informasjon og medieinnhald (…) det betyr at brukarane kan vere både leverandørar og mottakarar av det som ligg ute" (Erdal og Sæterås 2011:4). På første samling fekk vi i oppgåve å melde oss inn i tre ulike nettsamfunn (sosial programvare). Vi skulle deretter opprette ein wiki der vi presenterte dei tre nettsamfunna. Fokuset skulle ligge på korleis desse nettsamfunna kan fungere som sosiale medium i skulekvardagen. Det gruppa mi kom fram til kan du ta ein titt på her om du vil :)

Veke 2: Fordelar og ulemper ved bruk av ulike digitale nettsamfunn i skulesamnheng

Denne veka har vi arbeidd med ulike nettsamfunn i DKL 102. Første samling fekk vi i oppgåve å melde oss inn i tre ulike nettsamfunn, samt sjå på kva fordelar og ulemper desse nettsamfunna hadde med tanke på bruk i ein skulesamanheng. Her er det gruppa mi kom fram til:

Facebook:
Fordelar
- Sosialt
- Motiverande for elevane, siden ein tek deira kvardag inn i undervisninga.

- Læreren møter elevene på deira digitale arena.
- Chat, som elevane kan bruke i samarbeidsoppgåver o.l.

Ulemper
- Mange forstyrrende element; chat, kontakt med venar utanom skulen...

- Kan føre til mobbing (uthenging av andre).
- Vanskelegare for læraren å ha kontroll på elevane via facebook enn f.eks. i skuleområdet…
- Fins mange andre alternativ, som er mindre forstyrrande, t.d. Googledocs

Del & Bruk:
Fordelar
- Ein kan utveksle idear, samt diskutere med likesinna om alt som har med skule og IKT å gjere.
- Ein kan gjere seg nytte av andre sine idear. samt dele sine idear med andre.
- En kan diskutere med kollegaer (samarbeide).
- Avgrensa i grupper, der medlemmane kan diskutere det temaet gruppa tek for seg.

- Ulike interessegrupper/temagrupper som passar for kvar enkelt ut frå interesse/jobb.

Ulemper
- Lite matnyttig for elevane. Ser få muligheiter for kva elevane kan bruke dette mediumet til.

Twitter:
Fordelar
- Sosialt medium
- Holde kontakt med venner.

- Sjå korte oppdateringar som venane dine kjem med (meiningar, spørsmål, dagsstatus o.l.)
- Har moglegheit til å vise andre kva som foregår i livet ditt.
- Kan brukast i samarbeidsoppgåver for å oppdatere medelevar på kor langt ein har kome, forslag o.l

Ulemper:
- Fins andre betre alternativ i forhold til undervisning
- Forstyrrende element, i likhet med Facebook.