lørdag 12. mars 2011

Veke 6: IKT og tilpassa opplæring

Denne veka har IKT og tilpassa opplæring vore temaet for DKL 102. Eg vil no ut frå dette reflektere litt rundt korleis IKT kan vere ein ressurs i tilpassa opplæring. Sidan eg ikkje har anna erfaring frå skulekvardagen enn den obligatoriske praksisen i almennlærarutdanninga, har eg få erfaringar å bygge refleksjonane mine på. Eg har likevell gjort meg opp nokre tankar kring temaet.
I Høigard, Landmark og Svestad kan vi lese at potensialet IKT har som ressurs i tilpassa opplæring hovudsakleg kan delast inn i 3:
Ikkje alle elevar utviklar ei praktisk og effektiv handskrift like kjapt. Å la elevane få skrive på data kan då vere ein enkel og effektiv metode for å hjelpe desse elevane å prestere betre. Om det å få bokstavane ned på papiret for hand tek all oppmerksomheita, kan fokuset på det faglege kome litt i bakgrunnen, noko som er lite heldig. Også stavekontrollen i dei ulike skriveprogramma vil vere til hjelp for dei elevane som slit med rettskriving. At den raude streken dukkar opp kvar gang ein skriv eit ord feil vil over tid vere med på å hjelpe eleven til å få ei betre rettskriving. IKT kompenserar slik for mangelfulle ferdigheiter.

Vidare har dei fleste læreverk også nettresursar som ein del av verket. Her finn ein ofte oppgåver av ulik vanskegrad som elevane kan arbeide med. Det fine med desse sidene er at elevane sjølve, eller med hjelp frå læraren, kan finne ut kva han eller ho treng å øve meir på. Elevane kan slik arbeide individuelt med område dei treng meir trening på. Ofte er eit slikt arbeid meir lystbetont enn å jobbe med liknande oppgåver i læreboka, noko som gjer at IKT fungerar som ein ekstra motivasjonsfaktor.

Vidare finst det mange program som kan fungere som støtte for elevar med lese og skrivevanskar.Døme på dette er program der eleven kan få høyre leseleksa i tillegg til å lese den sjølv. For elevar som slit med innhaldsforståinga når dei les sjølve vil dette vere ei god hjelp.

IKT kan fungere som ressurs i tilpassa opplæring på mange fleire måtar enn dette, men om eg skulle gått inn på alle her, trur eg vi hadde blitt sittande både eg og du :)

Ha ein fin dag!


1 kommentar:

  1. Ja, og så må vi hugse at tilpassa opplæring også gjeld dei elevane som presterer fagleg høgt. Også desse kan ha nytte av IKT i sitt læringsarbeid.

    SvarSlett