På første samling fekk vi også innføring i Mindomo. Mindomo er eit gratis, nettbasert program for å lage digitale tankekart. Moglegheitene og utformingsalternativa er mange. I dag har eg brukt litt tid og sett meg inn i Mindomo på eiga hand. Sidan eg driv ein campingplass saman med sambuaren min, og det snart nærmar seg ny sesong, fann eg ut at eg kunne lage meg ei lita oversikt over kva førebuingar som må gjærast før vi er klar for 2011 sesongen. Mindomo er då eit godt verkty for å få oversikt over gjeremåla. Resultatet ser du her:
Lenke til det digitale tankekartet finn du her.
Å utforme tankekart i Mindomo er relativt enkelt, noko som gjer at programmet med fordel kan nyttast av elevar heilt ned på barnetrinnet. For mange elevar kan det vere enklare å utforme eit oversiktleg tankekart digitalt enn på papiret, sidan ein digitalt kan flytte på dei ulike elementa etter at dei er skrivne. Eg synast Mindomo er eit godt verkty og vil nok gjere meg bruk av det i mi framtidige lærarkarriere.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar