Dei siste åra har det skjedd ei veldig utvikling når det gjeld barn og unge sin mediebruk. Foreldregenerasjonen vår vaks opp utan PC, då vi var små byrja datamaskina så smått å bli vanleg i heimane, medan elevane som byrjar på skulen i dag ofte kan handtere datamaskina lenge før dei har lært seg å skrive sitt eige namn. Dagens elevar har med andre ord med seg ei rekke digitale ferdigheiter frå fritidskulturen. Denne kompetansen må vi som lærarar lære oss å kjenne att, for så å dra oss nytte av den i undervisninga.
Men det er ikkje berre positive sider med at dagens unge er meir på nett. Nettmobbing er ein av bakdelane. Før var dette eit ukjendt problem. Mobbinga føregjekk i skulegarden, og mobbarane kunne ikkje framstå med falsk identitet. I dag er ikkje situasjonen heilt den same. På internett er det ikkje noko problem å utgi seg for å vere ein annan person. Bak denne maska forandrar mange personlegheit, og vert i stand til å drive mobbing dei ikkje ville ha stått for om dei stod ansikt til ansikt med mobbeofferet. Nettvett vert her ein viktig kunnskap. Kven si oppgåve er det å lære elevane nettvett? Eg meiner at både foreldre og lærarar har ei viktig rolle her. Elevane brukar i stor grad PC og Internett på skulen. Lærarane får ut frå dette mange gyldne moglegheiter til å diskutere nettvett og netikette med elevane. Fordelen læraren har framfor foreldra, er at han kan organisere diskusjonar i klassen, og slik få elevane til å forstå, ved hjelp av medelevane, kva som er akseptabelt og ikkje akseptabelt på nett. Sjølv om unge elevar i stor grad beherskar den tekniske sida med å navigere og arbeide på PC, må vi ikkje gløyme at det også krevst kompetanse om kva som er riktig og mindre riktig bruk.
Men nok negativt. Med den digitale arenaen er det kome mange nye ressursar inn i skulen, som vi lærarar kan nytte oss av for å berike undervisninga vår på ulike måtar. Denne veka har eg prøvd meg litt fram på geotagging i Picasa. Geotagging er ein funksjon som gjer at du kan merke av kvar bileta er tatt på eit kart som dukkar opp ved sidan av biletet. Dette gjer det enkelt for den som ser bileta å plassere dei geografisk. I februar var eg på skuletur i Kenya i samband med eit studie i skuleretta samfunnsfag, dersom du vil kan du sjå nokre av bileta eg tok ved å klikke på denne linken. Bileta er geotagga, slik at du kan sjå kvar i Kenya vi var :) Fin ressurs å nytte i ulike prosjektarbeid på ulike trinn i grunnskulen. Kva med å undersøkje plantelivet kring ulike småvatn i nærområdet som ei prosjektoppgåve i naturfag, for så å geotagge funna i Picasa? moglegheitene og bruksmåtane er uendelege.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar