tirsdag 12. april 2011

Veke 12: Informasjonskompetanse 2

Denne perioden har vi arbeida med informasjonskompetanse i DKL 102. Også innanfor dette delemnet var det mykje eg ikkje visste frå får, og mykje ny og spanande kunnskap å tileigne seg. Noko av det eg har prøvd ut denne veka er å opprette mitt eige informasjonsnav. Eit informasjonsnav er ei side på internett der du på ein måte kan lage din eiga oversikt over nyheiter og liknande du har lyst å halde deg oppdatert på. Inne på navet kan du sortere og organisere informasjonen på den måten du sjølv finn mest oversiktleg. Ei rekke nettsider tilbyr RSS - eit konsept der du kan abonnere på saker innanfor spesielle felt. Informasjonsnav er ein fin stad å samle ulike slike RSS-straumar.

I arbeidet vårt har vi tatt i bruk RSS-lesaren Netvibes som er eit brukarvennleg og logisk oppbygd informasjonsnav. Du kan lage din eigen netvibes her. 

Eg ser for meg at eg kjem til å ta i bruk informasjonsnav i skulen når eg byrjar å arbeide som lærar. Å nytte seg av informasjonsnav med RSS er ein enkel og grei måte å handtere, samt halde seg oppdatert på store mengder informasjon på lita tid. Dette er spesielt praktisk når det er snakk om informasjon som stadig vert endra og oppdatert.

Til dømes i perioar med temaarbeid kan elevane få tilgang til eit ope informasjonsnav der du som lærar har samla eit utval kvalitetssikra lenkjer knytt til temaet. På denne måten kan du hjelpe elevane til å finne fram til oppdatert og relevant informasjon om emnet, utan at dei må leite gjennom "heile internettet". I tillegg til at dette er mykje enklare både for deg som lærar og dei som elevar, ser eg på dette som eit steg i riktig retning når det gjeld å bygge opp elevane sin informasjonskompetanse. Ved at elevane stadig får presentert døme på nettstadar som læraren finn pålitlege, dannar dei seg sakte men sikkert eit bilete av kva dei sjølve skal sjå etter når dei vurderer kvaliteten på ulike nettsider.

Også dersom ein vel å nytte seg av elevbloggar er informasjonsnav som netvibes ein god ressurs. Netvibes har ein funksjon som gjer at du kan legge til ulike bloggar inne på sida netvibessida di. Når det vert posta nye innlegg på ein av bloggane, kjem dette til syne på informasjonsnavet. Du får slik ei enkel og grei oversikt over når dei ulike elevane publiserar nye innlegg - utan at du treng å sjekke den enkelte elevbloggen.

Også for deg som lærar vil eit informasjonsav kunne spare deg for mykje tid. Alle fag har sider på nett som er relevante for å halde seg oppdatert, og stadig kjem med ny informasjon. Ved å samle sider du likar å halde deg oppdatert på i eit informasjonsnav, skaffar du deg lett oversikt over nyhende innanfor fagområdet ditt, utan at du til ei kvar tid treng å besøke den enkelte side for å sjå om det er komne nye artiklar av intresse.

Netvibes har også mange andre funksjonar, i tillegg til at du kan samle oppdateringar frå andre nettsider. Kan kort nemne kalender, hugseliste, notisblokk, veret og kalkulator. Om du har lyst kan du gjerne ta ein kikk på informasjonsnavet eg laga til for å teste ut litt av moglegheitene som ligg i Netvibes. Lenke til informasjonsnavet eg laga til i samband med denne øvingsoppgåva finn du her. 

Skjermkutt frå informasjonsnavet mitt...

1 kommentar:

  1. Som ein del av den digitale kompetansen: "Ved at elevane stadig får presentert døme på nettstadar som læraren finn pålitlege, dannar dei seg sakte men sikkert eit bilete av kva dei sjølve skal sjå etter når dei vurderer kvaliteten på ulike nettsider." Ja, vi har ei viktig rolle i å vere gode føredøme - og då må vi ha den kompetansen som trengst for å rettleie elevane.

    SvarSlett