Nytt fag.
Nye ansikt.
Nye forelesarar.
Ny klasse.
Nytt studieår.
I den anledning er det greit å bli litt kjende med kvarandre :)
Mattis Moviken er ein av mine nye medstudentar.
Han er ein allsidig kar, for tida busett i Volda.
Bak seg har han ei bachelorgrad i musikk, noko han har fått nytte av i lærarrolla.
I tillegg til studiet i DKL arbeider han som nemleg som musikklærar/trommepedagog og freelanser.
Motivasjonen hans bak DKL studiet er å få ein betre kompetanse i korleis ein kan nytte ikt i undervisninga. På samme tid som digitale verktøy blir ein stadig viktigare del av skulekvardagen, aukar også kravet til lærarene sin digitale kompetanse. Mattis tek derfor DKL for å holde seg oppdatert.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar